[index]


Nynorsk
1 Korintarane 13


1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2 Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.

3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.


4 Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp.

5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde.

6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.

7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt.

9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende.

11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege.

12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.

13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.








[index]