[index]
norvégien - nynorsk
DEN INTERNASJONALE FRÅSEGNA OM MENNESKERETTANE
Innleiing
Då det å godkjenne det naturlege menneskeverdet med like og umissande
rettar for alle menneske på jorda er grunnlaget for fridom, rettferd og
fred i verda,
og då hån og vørdsløyse mot menneskerettane har ført
til barbariske handlingar som har skaka samvitet til menneskeretta, er framvoksteren
i den verda der menneska skal ha talefridom og trusfridom og vere løyste
frå otte og naud, kunngjord som det høgste målet for kvart
menneske,
og då det er nødvendig at menneskerettane blir verna om av lover
slik at menneska ikkje blir tvinga til å finne den siste utvegen i å
gjere opprør mot tyranni og trælekår,
og då det er nødvendig å arbeide for betre tilhøve mellom
nasjonane,
og då folka i Dei Sameinte Nasjonane har stadfest trua si i denne pakta,
på grunnleggjande menneskerettar, på menneskeverd og på same
rett for mann og kvinne, og har vedteke å arbeide for sosiale framsteg og
betre levevilkår i større fridom,
og då medlemsstatane har bunde seg til å fremje allmenn vørdnad
for pakta og halde seg etter menneskerettane og den grunnleggjande fridomen i
samarbeid med Dei Sameinte Nasjonane,
og då denne retten og fridomen må bli godkjend av alle dersom pakta
skal bli røyndom,
KUNNGJER
GENERALFORSAMLINGA
DEN INTERNASJONALE FRÅSEGNA OM MENNESKERETTANE, som skal peike mot eit sams
mål for alle folk og nasjonar. Fråsegna må alltid vere i tankane
til den einskilde og dei styrande og få dei til å styrkje vørdnaden
for rett og fridom gjennom undervisning og oppseding. Dei skal syte for at fråsegna
blir allment kjend og etterlevd både i medlemslanda og i tilsynsområda,
og arbeide trufast med dette både på nasjonalt og internasjonalt grunnlag.
Artikkel 1.
Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd
og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre
som brør.
Artikkel 2.
Kvar einskild har krav på all den rett og fridom som fråsegna nemner,
utan skilnad av noko slag på grunn av rase, farge, kjønn, språk,
religion, politisk syn eller anna meining, nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom,
fødsel eller andre tilhøve.
Den politiske stoda, lovverket eller dei internasjonale påboda eit land
lever under, kan ikkje vere påskott til at det blir gjort skilnad på
nokon i det landet eller området han høyrer til, anten landet har
sjølvstende, står under tilsyn, er ikkje-sjølvstyrt eller
sjølvstyret er avgrensa på nokon annan måte.
Artikkel 3.
Alle har rett til liv, fridom og personleg tryggleik.
Artikkel 4.
Ingen skal haldast i slaveri eller trældom. Slaveri og slavehandel av alle
slag er forbode.
Artikkel 5.
Ingen må torturerast, pinast eller straffast på umenneskeleg eller
nedsetjande vis.
Artikkel 6.
Alle menneske har krav på at domstolane alle stader godtek dei som rettssubjekt.
Artikkel 7.
Alle er like for lova og har krav på same rettsvern, utan skilnad av noko
slag. Alle har krav på same vern mot at det blir gjort skilnad på
folk i strid med denne fråsegna, og vern mot tiltak som ber i seg ein slik
fare.
Artikkel 8.
Alle har rett til å få fullgod hjelp frå dei lovlege nasjonale
domstolane når det gjeld handlingar som krenkjer den retten den einskilde
har fått i grunnlova eller lovverket elles.
Artikkel 9.
Ingan må utan lov og rett arresterast, setjast i fengsel eller visast ut
or landet.
Artikkel 10.
Alle har same rett til å få saka si rettferdig og offentleg granska
av ein sjølvstendig og upartisk domstol, både når det er pliktene
og retten til den einskilde som skal fastsetjast, og når det er reist klagemål
mot han.
Artikkel 11.
Den som er klaga for ei straffbar handling, har rett til å bli rekna som
skuldlaus til ein offentleg domstol, der han har fått full trygd for retten
til å forsvare seg, har prova at han er skuldig etter lova.
Ingen skal kjennast skuldig i ei straffbar handling når det han har gjort
eller forsømt ikkje streid mot nasjonal lov eller folkeretten på
den tida det hende. Han må heller ikkje dømast hardare enn det lova
gav høve til då den straffbare handlinga vart utførd.
Artikkel 12.
Ingen skal lide under vilkårleg innblanding frå andre, anten det gjeld
hans eigen person, familie, heim, brevskifte, eller åtak på ære
og omdøme. Alle har krav på at lova vernar dei mot slik innblanding
eller slike åtak.
Artikkel 13.
Alle menneske har rett til å ferdast fritt og til å velje bustad innafor
grensene i sitt eige land.
Det skal også vere full rett til å reise ut or det landet ein bur
i, same kva land det er, og til å vende attende til sitt eige land.
Artikkel 14.
Alle som blir forfølgde har rett til å søkje og ta imot asyl
i eit anna land.
Denne retten gjeld ikkje i rettssakar som har røynleg grunnlag i upolitiske
brotsverk eller handlingar som strir mot formålet og prinsippet til Dei
Sameinte Nasjonane.
Artikkel 15.
Alle har rett til eit statsborgarskap.
Ingen skal misse statsborgarskapet sitt vilkårleg, eller bli nekta retten
til å endre det.
Artikkel 16.
Vaksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og skipe familie utan avgrensing
av noko slag på grunn av rase, nasjonalitet eller religion. Dei har krav
på dei same rettane når det gjeld ekteskapet, både så
lenge ekteskapet varer og medan det blir løyst opp.
Ekteskapet må berre kome i stand etter fritt og fullt samtykke frå
begge partar.
Familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet og har krav på
at staten og samfunnet vernar om det.
Artikkel 17.
Alle har rett til å ha eigedom åleine og saman med andre.
Ingen skal vilkårleg bli fråteken eigedomen sin.
Artikkel 18.
Alle har rett til tankefridom, samvitsfridom og religionfridom. Denne retten gjeld
fridom til å endre religion eller tru, og fridom til å målbere
sin eigen religion eller si eiga truslære i gjerning og framferd, anten
åleine eller saman med andre, offentleg eller privat.
Artikkel 19.
Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å
ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent
opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på
tvers av alle grenser.
Artikkel 20.
Alle har rett til fritt å vere med på møte og i organisasjonar
med fredelege formål.
Ingen kan tvingast inn i ein organisasjon.
Artikkel 21.
Alle skal ha rett til å vere med på å styre landet sitt, beinveges
eller gjennom talsmenn som er peika ut i frie val.
Alle skal ha same retten til å gjere teneste i offentlege ombod i landet
sitt.
Folkeviljen skal vere grunnlaget for den makta som er lagd til styremaktene. Folkeviljen
skal kome til syne gjennom regelfaste og røynlege val, som er grunna på
allmenn og lik røysterett i løynlege val eller på annan jamgod
røystemåte.
Artikkel 22.
Kvar einskild medlem i samfunnet har rett til sosial tryggleik, og har krav på
at dei økonomiske, sosiale og kulturelle godane, som han ikkje kan vere
utan om han skal ha vørdnad for seg sjølv og styrke den personlege
karakteren sin, blir løyste gjennom nasjonale tiltak og internasjonalt
samarbeid i samsvar med det kvar stat maktar.
Artikkel 23.
Alle har rett til arbeid, til fritt å velje yrke, til rettferdige og gode
arbeidstilhøve og vern mot arbeidsløyse.
Alle har same rett til å få lik betaling for likt arbeid, utan skilnad
av noko slag.
Den som arbeider har krav på rettferdig og god betaling, så han kan
syte for familien sin og seg sjølv på ein menneskeverdig måte,
og om det trengst, få hjelp gjennom andre og utfyllande sosiale midlar.
Alle har rett til å skipe og melde seg inn i fagforeningar for å verne
interessene sine.
Artikkel 24.
Alle har rett til kvile og fritid, og dermed til ei rimeleg avgrensa arbeidstid,
og til ferie med løn.
Artikkel 25.
Alle har rett til ein levestandard som kan tryggje helsa og velværet til
forsytaren og familien hans, og gje dei mat, klede, hus, helsestell og nødvendige
sosiale trygder ved arbeidsløyse, uføre, dødsfall, alderdom
eller andre tilhøve som skiplar livskåra, og som forsytaren ikkje
er herre over.
Mor og barn har rett til særskild omsorg og hjelp. Alle barn skal ha same
sosiale vern, anten dei er fødde i eller utafor ekteskapet.
Artikkel 26.
Alle har rett til undervisning. Opplæringa skal vere kostnadsfri, i det
minste i den allmenne grunnskulen. Den elementære undervisninga skal vere
pliktig for alle. Alle skal ha høve til å få fagopplæring,
og det skal vere like vilkår for alle til å få høgre
utdaning, alt etter dei evnene dei har.
Undervisninga skal ha til mål å styrkje den menneskelege personlegdomen
og auke vørdnaden for menneskerettane og den grunnleggjande fridomen, fremje
skjønsemd, toleranse og venskap mellom alle nasjonar, folkeslag og religiøse
grupper og stø fredsarbeidet til Dei Sameinte Nasjonane.
Foreldra har førsteretten til å velje kva slag opplæring barna
deira skal få.
Artikkel 27.
Alle har rett til fritt å vere med i det kulturelle livet i samfunnet, til
å nyte kunst og til å få sin part av dei vitskaplege nyvinningane
og godane som følgjer med dei.
Kvar einskild har rett til å få verna dei moralske og materielle interessene
som han har skapt seg gjennom vitskapleg, litterært eller kunstnarleg arbeid.
Artikkel 28.
Alle har krav på å få leve under slike sosiale kår og
internasjonale tilhøve at dei fullt ut kan gjere til røyndom retten
og fridomen i denne fråsegna.
Artikkel 29.
Alle har plikter andsynes samfunnet, då personlegdomen til den einskilde
einast der kan få frie og fullgode voksterkår.
Retten og fridomen til den einskilde skal ikkje vere avgrensa av anna enn det
lova tydeleg slår fast for å tryggje den vørdnaden alle andre
har krav på når det gjeld rett og fridom, og dei krav som eit demokratisk
samfunn med rette kan setje til moral, offentleg orden og allmenn velferd.
Denne retten og fridomen kan ikkje i noko høve nyttast i strid med formålet
og prinsippet til Dei Sameinte Nasjonane.
Artikkel 30.
Ikkje noko i denne fråsegna må tolkast slik at det gjev stat, grupper
eller einskildmenneske rett til å vere med på tiltak eller handlingar
av noko slag som har til mål å øydeleggje den retten og fridomen
som denne fråsegna stadfester.
[index]